blank Intensjonsavtale Polen blank
Ny internasjonal samarbeidspartner!
13.-15. mai vitja ein delegasjon frå Polen SJH med ynskje om å få oss som samarbeidspartner for to store prosjekt.

Ei gruppe frå Polen har i tre dagar vore på vitjing på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Gruppa var sett saman av fylgjande:

  1. direktøren for ei gruppe på 4 landbruksskular i byen Goladkowo (60 km nord for Warzawa),
  2. president, visepresident og prosjektansvarleg frå Social Ecological Institute
  3. arkitekt med spesialfelt på lågenergi-hus
  4. leiar for departementet for "Bygdeutvikling" frå provinsmyndigheitene (fylket)
  5. leiar for avdelinga for landbruksutdanning i Landbruksdepartementet (nasjonalt)

Målet med turen hit var å få eit innblikk i korleis undervisninga er organisert ved SJH, korleis me er organisert, styrt og finansiert som arbeidsstad, og ein fagleg bolk om økologisk landbruk, inkl. driftsbygningar.

Gruppa er i startfasen for to større prosjekt i denne regionen i Polen. Det eine er å legge om  gruppa på 4 landbruksskular til økologisk landbruk. Dei fleste av landbruksskulane i Polen er drivne av provins (fylkes)-myndigheitene, men nokre (som desse) er drivne av staten. Dei ynskjer at dette skal verte ein modellskule i økologisk landbruk for resten av landet. Skulen har pr. i dag 600 elevar, altså noko større tilhøve enn hjå oss.....

I tilknyting til denne skulen ynskjer dei også å etablere noko som skal verte Europa sitt største senter for økologi, miljøvern og bærekraftig utvikling.

Dei var svært nøgde med det dei fekk sjå og oppleve her, og vitjinga vart avslutta med at det vart underskrive to intensjonsavtalar;

Avtale mellom Sogn Jord- og Hagebruksskule og Jadwiga Dziubinska Agriculture Schools in Goladkowo der ein er samde om å arbeide for å utveksle kunnskap og erfaringar, organisere studieturar for elevar og lærarar og søke økonomisk støtte for å få realisert dette.

Avtale mellom Sogn Jord- og Hagebruksskule, Økopomorka og Social Ecological Institute der ein er samde om å arbeide for å utveksle kunnskap og erfaringar, å fremme utvikling av økologisk landbruk og utdanning i dette i begge land og å spreie kunnskap om partnerane og samarbeidsprosjekt.

Intensjonsavtale Polen

Deltakarane med underskrivne intensjonsavtalar. Bak f.v.: Torill Mentzoni (leiar i Økopomorka), Sonia Priwieziencew (prosjektleiar Social Ecological Institute), SjurH. Rørlien (pedagogisk leiar og ansvarleg for internasjonalisering ved SJH), Joanna Fiszer (arkitekt), Bjørg Fritsvold (rektor ved SJH). Framme f.v.: Marzena Rogozinska (leiar for departementet for "Bygdeutvikling"), Maria Sondij-Korulczyk (landbruksdepartementet), Krzysztof Nuszkiewicz (direktør landbruksskulane), Ewa Ligeza-Sieniarska og Elzbieta Lenarczyk-Priwieziencew (president og vise-president i Social Ecological Institute).





Publisert av: Sjur Hermann Rørlien
Dato: 05/20/2008

Attende

Sogn Jord- og Hagebruksskule
tlf: 57 63 26 50 - fax: 57 63 26 51
e-post: sjh@sfj.no