Dei fleste elevane ved skulen bur på internatet. Dette gjev grunnlag for eit levande miljø både om kveldane og i helgane. Elles er det rikt høve til fritidsaktivitetar både på skulen og i bygda elles.
TILBOD PÅ SKULEN
- Elevane kan få bruke verkstadane på skulen i fritida etter nærare avtale. Her kan dei drive med tre-, ull-, skinn- eller metallarbeid. Biletet visar ei utstilling av elevarbeid i treverkstaden.
- Ridebane.
- Skulen har fleire hestar som kan brukas til ride-, og køyreturar etter avtale.
- Skulen har robåt og to kajakkar som kan nyttast av elevar og tilsette etter avtale med ansvarleg.
- Elevane får disponere eit areal der dei i fellesskap kan dyrke sine eigne grønsaker i fritida.
- Elevane kan etter avtale få låne ei hytte som skulen har i Rasmusdalen - i fjellet mellom Aurland og Hallingdal.
- Elevkveldar og reine dansekveldar kjem i stand på elevane sitt initiativ. Dette er noko som skulen ser positivt på og vil leggje til rette for.
- I tillegg driv elevane eigen filmklubb.
TILBOD I BYGDA
- Rett i nærleiken av skulen ligg eit kommunalt idretts- og samfunnshus med gymnastikksal og symjebasseng og ein fleirbrukshall (Aurlandshallen). I same område er det eit moderne utandørs idrettsanlegg som er ope for alle. Her er det styrkerom og ein kan velje mellom organiserte tilbod med volleyball- og handballtrening, herre-/dametrim, step, boksing, miniatyrskyting og klatring. Sjå www.aurlandshallen.no og www.aurland-il.no
- I Aurland er det mange lag og kulturelle aktivitetar der elevane er velkomne til å delta, slik som songkor, korps, husflidslag, musikk- og kulturskule, gamaldanskveldar, Røde kors mm. Elles er det kino, bibliotek, osv.
- Elles innbyr fjella og fjorden til turgåing, jakt og fiske. Sjå bl.a. www.flamsbana.no, www,alr.no, www.regionalpark.no, www.aurland.com.